bittabjornsdotter
My ride or die
My ride or die
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
My Ride or Die er ei lita radering med ei stor forteljing.
Motivet spring ut frå eit minne om meg sjølv og barndomsvenninna mi. Me elska å reila saman – timar som kjendes endelause, der verda var enkel og alt låg framfor oss.
På reila sat me side om side, i same rytme, med latter, draumar og ei kjensle av at vennskapet kom til å vare for alltid.
Vennskapet er her, for alltid.
I serien Nære Relasjonar (The Intimacy Series) handlar dette verket om dei menneska som går ved sida av oss gjennom livet. Dei som kjenner historia vår, deler minna våre og blir ein del av kven vi er. Uttrykket «ride or die» handlar om nettopp det – lojalitet, tillit og band som står seg gjennom både kvardag og livsendringar.
#theintimacyseries #nærerelasjonar #radering #barndomsminne #rideordie
Original radering laga med skravering med koldnål på sinkplate. Motiv er 10 x 10 cm.
Signert og begrensa opplag på 25 stykk.
Det kan vere ulikhet i kvart originale kunstverk då dei er sverta og trykka for hand.
(Grafikken er utan ramme og passepartout).
Del
