Om

Om meg og kunsten
Eg heiter Bitta Bøthun Bjørnsdotter. Frå mitt eige atelier på Stord arbeider eg kvar dag med djuptrykk, grafikk og akryl- og oljemaleri. For meg er ikkje kunsten berre ein jobb – det er min måte å fange dei små, viktige bitane av livet på.

Det som bitt oss saman
Kunsten min spring ut frå ein stor fascinasjon for relasjonar. Eg brenn for det som skjer mellom oss mennesker, mellom menneske og dyr, og ikkje minst mellom oss og det opne landskapet vi høyrer til i.

Eg leitar alltid etter dei stille forteljingane. Det er dei historiene som ikkje blir ropt ut med store ord, men som i staden ligg gøymt i eit kjapt blikk, ei mjuk rørsle, eller i eit gamalt minne som nektar å sleppe taket.

Vestlandet som bakteppe
Naturen her på Vestlandet er ei utømmeleg kjelde til alt eg skaper. Dei mektige fjella, det opne havet, den djupe skogen og det skiftande ljoset finn alltid vegen inn på papiret eller lerretet mitt. Av og til ser du det heilt tydeleg i motivet, andre gonger ligg naturen der berre som ei lun stemning eller eit symbol.

Bileta mine handlar om nærleik, om tilhøyrsle og dei usynlege banda som bitt oss saman i kvardagen. Anten eg arbeider med abstrakte maleri eller lune linotrykk på brukte kaffifilter, er målet mitt det same: Eg ynskjer å skape noko ekte og varig. Ein bit med kvardagspoesi som inviterer til ein liten pause, og som kan flytte inn og leve vidare på veggane i nye heimar.

Møte og skaparglede
Ved sida av å sitje i min eigen verd i atelieret, brenn eg for å dele den kreative gleda med andre. Eg held difor ulike kunstkurs og tek gjerne på meg spesielle bestillingsverk om du har eit motiv du drøymer om. For meg handlar ikkje kunst berre om det ferdige produktet, men vel så mykje om menneskemøta, sjølve prosessen, og den reine gleda ved å bruke hendene og skape noko.

Tusen takk for at du tek turen innom mitt vesle kunstunivers. Eg håpar du finn noko som rører ved deg.

 



Utvalde utstillingar

2026 – Utsmykking av Turnhalltoppen med serien "Spor"

2025 – Sommarutstilling, Galleri Elisabeth G, Tysnes

2022 – Sommarutstilling, Galleri Giga

2021 – Det Øde Galleri og Skaperi, Røyse

2019 – Galleri Borghild, Stord

2018 – Hovudutstillar, Etne

2017 – Sentralbadet, Smelteverket, Odda

2015 – Separatutstilling, Stord

 

Representert hos

Galleri Giga, Stord

Galleri Dahl Rammeservice, Haugesund