Malemoro er kreative kveldar for deg som har lyst til å utforske maling, fargar og skaparglede i eit avslappa og inspirerande miljø.
Her handlar det ikkje om å vere flink eller ha forkunnskapar – men om å våge å skape, prøve noko nytt og ha det kjekt saman med andre.
Kvar samling har eit eige tema eller ei oppgåve som eg guidar dykk gjennom steg for steg. Undervegs deler eg teknikkar, tips og små grep som gjer det lettare å kome i gang og finne sitt eige uttrykk.
Malemoro passar både for vennegjengar, kollegaer, utdrikningslag og deg som berre ønskjer eit kreativt avbrekk i kvardagen.
Det blir latter, fargar på fingrane, gode samtalar og rom for å senke skuldrane litt.
Kanskje blir me ikkje dei neste store samtidskunstnarane — men oj, kor kjekt me skal ha det!
Bli med på ein kreativ kveld med gelli print! På kurset får du ei enkel innføring i teknikken, før du får prøve deg fram med maling, naturmateriale og trykk på papir. Du treng ingen erfaring frå før – eg viser deg det du treng å vite. Alt utstyr er inkludert, og du får lage 2–3 eigne trykk som du får med deg heim. Målet er å lære noko nytt, kjenne på meistring og ha det kjekt undervegs. Kurset startar klokka 17:00 i Hagerupshuset (2. etg).
Velkomen til Malemoro - eit ujålete og hjartevarmt kunstkurs der me legg kvardagsstresset til sides og let kreativiteten flyta fritt. Kurset startar klokka 17:00 i Hagerupshuset (2. etg).