Bittabothunbjornsdotter.com
Malemoro kunstkurs - 27,28,29. november
Malemoro kunstkurs - 27,28,29. november
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Velkomen til Malemoro - eit ujålete og hjartevarmt kunstkurs der me legg kvardagsstresset til sides og let kreativiteten flyta fritt. Dette kurset passar for deg som har lyst å utforska former og fargar, enten du har halde i pensel før eller aldri har prøvd. Saman skapar me eit trygt rom der det ikkje finst feil, berre reinspekka maleglede!
Denne helga vil vera for deg som ynskje å mala eit stort maleri i størrelse 1x1 meter eller størrelse 90 x70 cm. Du vil få dialog i forkant med kunstnar Bitta Bøthun Bjørnsdotter der du kjem med dine ynskje om korleis maleriet skal bli. Vil du at fargane skal passa interiøret i eit rom, vil du laga abstrakt maleri eller vil du ha eit spesielt motiv? Dette har me ein dialog på og planlegg korleis me skal løysa dette utifrå malar nivået du er på. Målet er at me kosar oss saman, deler historiar, og du får med deg ditt heilt eige unike kunstverk heim.
Kurset er i Hagerupshuset (2. etg) på Stord og har svært begrensa plassar.
Er kurset fullt? Meld deg på venteliste ved å sende meg ein mail, så tek eg kontakt kronologisk dersom ein plass skulle verta ledig.
bittabothunbjornsdatter@gmail.com
Del
