Bittabothunbjornsdotter.com
Kattekort til inntekt for Stord Kattevern
Kattekort til inntekt for Stord Kattevern
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Eit lite kort kan gjera ein forskjell.
Korta er teikna digitalt av meg, inspirerte av mine eigne kattar og kjærleiken til dei små liva som treng oss.
Kattungen eg har teikna med vengene på det eine kortet er ei fin helsing til alle dei me har mista, men aldri gløymer.
Eg ville òg ha med meg kristorn– som held seg grøn gjennom vinteren og har lenge vore eit symbol på livskraft, håp og vern. Som ein del av kommunevåpenet til Stord knyter han òg korta til lokalsamfunnet vårt.
I desse motiva symboliserer kristorn omsorga og vernet alle sårbare liv fortener. Saman med kattungane og vengene blir han ei varm helsing til dei som treng hjelp, og til dei små liva som har gjort inntrykk på oss.
Alt overskot frå salet går til Stord Kattevern og det viktige arbeidet dei gjer for kattar som treng hjelp.
Dei bestemmer sjølve korleis midlane skal brukast, og om dei ønskjer å øyremerkja inntekta til bestemte føremål.
Takk for at du handlar med omtanke og bidreg til at fleire kattar kan få den hjelpa dei treng.
Storleik 15x15 cm, inkludert konvolutt.
Del
