Hopp til produktinformasjon
1 av 4

Bittabothunbjornsdotter.com

Malemoro kunstkurs - 24. oktober

Malemoro kunstkurs - 24. oktober

Vanlig pris 479,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 479,00 NOK
Salg Utsolgt
Frakt beregnes ved kassen.
Antall

No er hausten her for fullt. Blada skiftar farge, skogen er full av former og strukturar, og naturen byr på noko av det finaste eg veit å hente inspirasjon frå.

Difor har eg samla inn blader, strå og bregner – for i oktober skal eg for første gong invitere dykk med inn i grafikkens verd!

Denne gongen skal me utforske gelli print – ein enkel og leiken form for grafikk der me brukar ei mjuk trykkplate, maling og naturmateriale til å lage vakre avtrykk på papir.

Me legg blad og strå på trykkplata, arbeider med fargar og lag, og så skjer det nesten litt magi når papiret løftast av. Ingen trykk blir heilt like – og det er nettopp noko av det fine med teknikken.

Du treng ingen erfaring med grafikk, maling eller kunst for å bli med. Eg viser deg teknikken steg for steg, og så får du god tid til å prøve deg fram, leike med fargar og finne ditt eige uttrykk.

Alt utstyr er inkludert, og målet er ikkje å lage det «perfekte» trykket. Målet er å senke skuldrene, vere litt kreativ, lære noko nytt og ha det skikkeleg kjekt saman.

Du får sjølvsagt med deg dine eigne trykk heim. Kanskje 2–3 små grafiske kunstverk du har laga heilt sjølv – med naturen som utgangspunkt. Så om du har tenkt at «grafikk høyrest spennande ut, men det er sikkert for vanskeleg for meg» – då håpar eg du blir med.

Kurset startar laurdag 24. oktober klokka 17:00 i Hagerupshuset på Leirvik (2. etg).

Velkomen til grafikkverkstad!

Vis alle detaljer