Eit kunstverk med di historie

Nokre motiv ber vi med oss lenge.

Det kan vere eit landskap som kjennest som heim, eit menneske som betyr alt, eller ei forteljing du ønskjer å ta vare på. Eit bestillingsverk handlar om å gi slike minne og kjensler ei varig form.

Eg tek på meg eit avgrensa tal bestillingsoppdrag gjennom året og arbeider i fleire ulike teknikkar – mellom anna originale linotrykk og raderingar, Digital Graphic Art (DGA) og måleri i akryl eller olje. Saman finn vi uttrykket som passar best til historia du ønskjer å fortelje.

Kvart oppdrag byrjar med ein samtale. Vi snakkar om motiv, format, fargar og kva du ønskjer at verket skal formidle. Deretter lagar eg ei skisse som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet. Gjennom prosessen held vi kontakten, slik at verket kan utvikle seg i dialog mellom dine ønskje og mitt kunstnariske uttrykk.

For meg er det viktig at eit bestillingsverk ikkje berre liknar noko eller nokon – det skal også bere med seg ei stemning og ei forteljing som gjer verket personleg.

Har du ein idé du ønskjer å utforske, er du varmt velkomen til å ta kontakt.

E-post: bjornsdotterbitta@gmail.com

1 av 5


Kvart bestillingsverk er unikt og blir skapt spesielt for deg.


Kontaktskjema