Spor - eit kunstprosjekt for Turnhalltoppen

Spor - eit kunstprosjekt for Turnhalltoppen

I juni 2026 står det nye bustadprosjektet Turnhalltoppen ferdig på Stord.

 

Gjennom kunstprosjektet Spor har eg fått høve til å skape ei serie på fem måleri som skal få ein fast plass i bygget.

 

Prosjektet tek utgangspunkt i historia til den tidlegare Turnhallen og dei naturlege omgjevnadene på Stord. Gjennom måleria undersøker eg korleis minner knytt til ein stad kan leve vidare, sjølv når dei fysiske bygningane er borte.

 

Turnhallen var i mange år ein viktig møteplass på Stord. Her møttest folk til turn, dans, filmframsyningar, kulturarrangement og sosiale samlingar. Sjølv om bygningen no er riven, lever historia vidare i menneska som brukte han og i minna som framleis finst i lokalsamfunnet.

 

I serien Spor utforskar eg møtet mellom arkitektur og natur, mellom rørsle og stillheit, mellom fortid og notid.

 

Fargepaletten er inspirert av landskapet rundt oss – kjølege blågrøne og turkise tonar møter varme jordfargar og rust. Gjennom lag av farge, struktur og spor etter arbeidsprosessen oppstår eit uttrykk som handlar om både nærvær og minne.

 

Dei fem verka har fått titlane:

– Spor
– Veggar som hugsar
– Minnet i landskapet
– Etterklang i rørsle
– Staden pustar vidare

Saman fortel dei ei historie om ein stad i endring, og om korleis menneske, landskap og historie held fram med å setje spor etter seg.

 

Staden pustar vidare

 

Spor

 

Etterklang i rørsle

 

Minnet i landskapet

 

Veggar som hugsar

Tilbake til bloggen

1 kommentar

Veldig bra, du blir bare bedre og bedre! Jeg håper du en gang i tiden lager en kalender til. Elsker den du laget for noen år siden.

Liv Ulveseth

Legg igjen en kommentar