Malemoro for private arrangement

Når de vil skape noko saman

Det handlar ikkje om å vere flink til å måle. Det handlar om å senke skuldrene, vere kreative saman og ta med seg noko heim som varer lenger enn sjølve kvelden.

Bestill privat arrangement i kontaktskjemaet nederst på sida

Kvart arrangement blir tilpassa gruppa dykkar.

Enten de planlegg utdrikningslag, babyshower, bursdag, teambuilding eller ein kveld med gode vener, tek eg med alt de treng. De treng berre å møte opp.

Arrangement kan gjennomførast i lokalet mitt eller på ein stad de vel sjølve.

Vel oppleving

Det klassiske Malemoro

Alle lagar sitt eige kunstverk.

Den originale Malemoro-opplevinga.

Eg guidar dykk gjennom eit tema steg for steg, men det er alltid rom for personlege uttrykk og eigne løysingar.

Ingen forkunnskapar er nødvendige.

Passar for:

• vennegjengar

• bedrifter

• bursdagar

• lag og foreiningar


Prisar

Under 10 personar: 6000 kr

10-20 personar: 10.000 kr

20+ personar: 20.000 kr

Samarbeidsmåleriet

Eitt lerret. Mange hender.

Her skaper alle deltakarane eitt felles kunstverk.

Kvart penselstrøk blir ein del av historia de lagar saman.

Perfekt til

• utdrikningslag

• babyshower

• jubileum

• teambuilding

Når kvelden er over står de att med eit originalt kunstverk fullt av minner.

Prisar

Under 10 personar: 6000 kr

10-20 personar: 10.000 kr

20+ personar: 20.000 kr


Små hender. Store minner.

Nokre av dei finaste kunstverka blir ikkje skapte av kunstnarar. Dei blir skapte av små hender som enno ikkje veit kva som er rett eller gale.

Eg gjer klart eit lerret i fargane de ønskjer, før barnet får utforske, leike og skape heilt fritt. Med penslar, hender og enkle verktøy får barnet setje sine eigne spor på lerretet – utan reglar, utan forventningar, berre med den skapargleda som kjem heilt naturleg.

Mi oppgåve er å leggje til rette for prosessen, slik at de sit att med eit kunstverk som bevarer akkurat denne tida i livet. Eit originalt måleri fylt av små avtrykk, nysgjerrigheit og personlegdom – og eit minne som berre blir meir verdifullt med åra.

Ideen oppstod då mitt eige barnebarn fekk måle sitt første store lerret. Han var berre halvanna år gammal, men då måleriet kom opp på veggen heime hos foreldra hans, forstod eg kor mykje eit slikt minne kan bety.

Måleriet kan lagast heime hos dykk, der barnet kjenner seg trygt, eller i atelieret mitt. Eg tilpassar fargar og format etter ønske.

Prisar

40 × 50 cm

frå 2 490 kr


50 × 70 cm

frå 3 490 kr


70 × 100 cm

frå 4 990 kr

Praktisk informasjon

Alt av utstyr er inkludert.


Eg tilpassar arrangementet etter alder, gruppe og ønskje.


Ta gjerne kontakt dersom de har eigne idéar – saman finn vi ei løysing.

Kontaktskjema