Malemoro - skaparglede utan prestasjon
Del
Mange av oss sluttar å teikne og male lenge før vi eigentleg har lyst.
I vaksen alder blir kreativitet ofte noko vi tenkjer at andre er flinke til. Noko som krev talent, erfaring eller kunnskap vi ikkje har.
Malemoro handlar om det motsette.
Her er det ikkje målet å bli den neste store kunstnaren. Målet er å vere nysgjerrig, utforske, prøve og ha det kjekt saman med andre.
Gjennom enkle oppgåver og ulike tema inviterer eg deltakarane inn i ei kreativ stund der det ikkje finst riktige eller gale svar. Vi arbeider med fargar, former, idéar og uttrykk, men aller mest arbeider vi med å gi oss sjølve lov til å skape.
Det krev ingen forkunnskapar.
Berre litt nysgjerrigheit.
For mange blir Malemoro ei pause frå kvardagen. Ei stund der ein gløymer prestasjonar, lister og forventningar, og heller får vere til stades i det som skjer akkurat no.
Kanskje går du heim med eit bilete du er stolt av.
Kanskje går du heim med nye idéar.
Eller kanskje berre med litt meir skaparglede enn då du kom.
Og det er eigentleg meir enn nok.
Eg håpar vi sjåast rundt bordet.