Eit kunstverk med di historie
Nokre motiv betyr meir enn andre.
Kanskje er det eit landskap du alltid vender tilbake til. Eit dyr som har sett spor. Ei historie, ei kjensle eller eit minne du ønskjer å ta vare på.
Gjennom bestillingsverk skaper eg personleg kunst med utgangspunkt i det som er viktig for deg.
Landskap
Vestlandsnatur, hytter, fjell, sjø eller stader med spesiell betydning.
Kjæledyr
Personlege portrett med fokus på uttrykk, personlegdom og nærleik.
Menneske og relasjonar
Familie, vennskap og augneblink som fortener å bli hugsa.
Ditt ynskje
Når du har ein idé eller ei historie du ønskjer å utforske saman med kunstnaren.
Slik går det føre seg
- Du tek kontakt og fortel litt om ønsket ditt.
- Vi snakkar saman om motiv, storleik, uttrykk og fargar.
- Eg utviklar skisser og idear med utgangspunkt i historia di.
- Kunstverket blir skapt i atelieret mitt på Stord.
- Verket blir levert klart til å få sin plass i eit nytt heim.
Kunst handlar ikkje berre om det vi ser.
Nokre gongar handlar det om det vi ønskjer å hugse.
Dersom du har ei historie, eit landskap eller eit minne som fortener si eiga form, er du velkomen til å ta kontakt.