Kunstnarpresentasjon Alf Christian Hvaring

Kunstnarpresentasjon Alf Christian Hvaring
Kunstnarpresentasjon
Alf Christian Hvaring

 

 

 

Alf Christian Hvaring er ein ung kunstnar (berre to år yngre enn meg) og er rekna å vera ein av våre samtidakunstnarar det er verd å følge med på. Han har allereie livnært seg som kunstnar i 13 år, berre 2 år etter at han fullførte Master i grafikk på Oslo Kunsthøgskule, ein av dei sterke kunsthøgskulane me har i Noreg.

Han har teikna mykje lenger en dette, og allereie på ungdomsskulen fortalde han ein lærar at han ville gjerne bli kunstnar. Læraren sitt svar var at han måtte ikkje kasta vekk livet sitt på å dildra med fargestiftar.

Alf Christian som autoritær tru ungdom tok vidaregåande med realfag som matte og fysikk. Desse faga kunne passa til hans interesse for astronomi og forsking, men etter fullført utdanning, valte han likevel å følge draumen om å bli kunstar.

 

Som kunstnar jobbar han mykje med grafiske trykk som litografi og maling med akryl og olje maling.

Litografi er eit grafisk plantrykk som grunnar tilbake til 1800 talet og som passar perfekt for ein kunstnar som likar å dildra med fargestiftar.

Kort fortalt teiknar kunstnaren motivet med feit lito tusj eller feit lito kritt på ein litostein ,ofte porøs kalkstein. Deretter blir steinen vaska med vatn, og når printsverte blir påført vil den feste seg ute lukkande der motivet er teikna med feitt. Motivet blir så overført på bomullspapir av høg kvalitet ved massivt trykk frå ei litopresse. Teknikken litografi gir ofte kunstverket ein ullen karakter , og egner seg godt til jamne overflatar, presise linjer og litt sprø blyantstrekar.

I maleria til Alf Christian Hvaring brukar han akryl maling som gir presise linjer og klare kontrastar, og oljemaling på detaljar som gir uklare avgrensingar og diffuse overgangar. Ved å bruka både akryl og olje, utnyttar han eigenskapane til begge materialane og skapar

 

Teknikkane Alf Christian brukar passar godt til uttrykket hans der han ofte lagar eit abstrakt landskap med figurative enkle motiv av born og vaksne.

Scenen han skaper som bakgrunn er ullen og enkel og kan minna om eit abstrakt landskap på andre planetar.

Hvaring tematiserer privatpersonar i flyktige daglegdagse augeblikk med drøymande scenar. Motiv av  menneske fanga i eit bilete i det spontane augeblikket, òg identifisert som snap shot, inviterer oss til å ta del i historia til ein tilfeldig person. Han antydar ein ironi, ein sentimentalitet til kvardagslege spørsmål om vår eksistens.

Kontrasten han lagar med diffuse abstrakte scenar og  den naive framstillinga av ei figurativ historie er som om me får nærleik til eit familiealbum med falma kantar og diffuse fotografi der me sjølve kan dikta og definera historiene.

0 kommentarer

Skriv en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres.