Kunsten å gi til andre

Kreftforeningen kan kunsten å gi til andre

Desember månad handlar om å gi, og om å glede andre. Denne mørke tida handlar om å gjera kvardagen lys for kvarandre, og det er kanskje ekstra viktig å gi lys og håp til den som er dårligare stilt enn deg.  Eller har ein tøffare kvardag enn deg.

Eg har sjølv opplevd ein tøffare kvardag. Dette året ha eg kjent på redselen å mista nokon eg er svært glad i. Eg har kjent på makteløysa ved at mennesker som betyr uendelig mykje for meg, er blitt sjuke.  Ikkje mindre enn 3 vidunderlege mennesker av mine aller næraste familie har blitt råka av ulike former for kreft.

Eg syns det har vore tøft, og då tenker eg på kor vanskeleg det må vere for dei som som har fått diagnosen. 

Me som står rundt livet til ein kreftsjuk, og den som er midt i sjukdommen sjølv, har kjent på kor viktig det er å ha eit godt støtte-apparat i Kreftforeningen. Det er ein omtanke i dei ordningar som lettar kvardagen på sjukehus og heime, Det er ei omsorg i samtalane som ligg til rette for den kreftsjuke og for dei pårørande i ei ellers så tung tid. Og det ligg ei trygghet i eit profesjonelt helsepersonell, som viser forståing og omtanke.

Det er viktig at dei rundt oss har god opplæring og innovativ forskning i ryggen. Difor vil eg gjerne gi vidare ved å donere 10 % av salg av Norwegian Youth til Kreftforeningen og arbeidet dei gjer for oss. 

Kreftforeningen kan kunsten å gi til andre.

Bli gjerne med å støtta ved å dele dette. 

 

0 kommentarer

Skriv en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres.