Samling: Malemoro

Malemoro er kreative kveldar for deg som har lyst til å utforske maling, fargar og skaparglede i eit avslappa og inspirerande miljø.

Her handlar det ikkje om å vere flink eller ha forkunnskapar – men om å våge å skape, prøve noko nytt og ha det kjekt saman med andre.

Kvar samling har eit eige tema eller ei oppgåve som eg guidar dykk gjennom steg for steg. Undervegs deler eg teknikkar, tips og små grep som gjer det lettare å kome i gang og finne sitt eige uttrykk.

Malemoro passar både for vennegjengar, kollegaer, utdrikningslag og deg som berre ønskjer eit kreativt avbrekk i kvardagen.

Det blir latter, fargar på fingrane, gode samtalar og rom for å senke skuldrane litt.

Kanskje blir me ikkje dei neste store samtidskunstnarane —
men oj, kor kjekt me skal ha det!

Malemoro

Ingen produkter funnet
Bruk færre filtre eller fjern alle